Aktuelt

  • Stø kurs for Trollheimstunnelen

    Torsdag 26. januar 2012 møttes representanter fra Sunndal kommune, Surnadal kommune, Fylkeskommunen og Statens Vegvesen for å gjennomgå status i prosjektet fergefri forbindelse mellom Sunndal og Surnadal kommune.

    Hensikten var å avklare om det foreligger grunn til å stoppe, eventuelt reversere, nåværende prosess og vurdere alternative traséer.

    Konklusjonen var klar. Statens Vegvesen står ved sin kostnadsvurdering om at bru og kortere tunnel er 300-400 millioner kroner dyrere enn Trollheimstunnenlen. Fylkeskommunen poengterte  at de vurderer først og fremst etter pris. Dessuten kan nye utredninger og ytterligere uthaling av tid føre til at prosjektet faller ut av prioriteringskøen.

    Trollheimstunnelen AS holder derfor stø kurs videre i sitt arbeid for en snarlig realisering av fergefri fylkesvei 670 mellom de to nevnte kommuner.

     
  • Ekstraordinær generalforsamling er avholdt

    Tirsdag 6. desember 2011 ble det avholdt ekstraordinær generalforsamling på Trædal Hotell og Turistsenter i Sunndal.

    Protokoll sendes ut til aksjonærene om kort tid.

Sjølv om Trollheimstunnelen i all hovudsak kan seiast å vere eit "positivt" og framtidsretta prosjekt, byr realiseringsprosessen også på utfordringar av ulike slag.

Forankring

Ei av hovudmålsetjingane for arbeidet med Trollheimstunnelen er:

  • Å forankre Trollheimstunnelen lokalt og regionalt, og på denne måten yte eit aktivt bidrag til at det vert realisert.

Som det også allereie er vorte nemnt, er forankring altså eit særs viktig stikkord i prosessen med å få gjennomført Trollheimstunnelen så raskt som mogleg. Forankringa har samtidig vore ein av dei faktorane som ein har hatt problem med å få på plass. Dette ynskjer ein no å gjere ein innsats for å betre. Vanskane kan skuldast fleire faktorar:

Trollheimstunnelen er i utgangspunktet eit prosjekt med stort potensiale, som kan få store positive effektar. Fordelane vil være mange og varierte for ulike målgrupper i begge kommunar og regionen elles. Men kanskje oppfattas det ikkje "ille" nok å være utan ein tunnel. Situasjonen synes ikkje akutt, eit inntrykk er at mange kanskje har sett på prosjektet mest som ein bonus som det kanskje ikkje vert noko av i det heile.

Det viser seg at mange har opplevd prosjektet som fjernt, både tids- og innhaldsmessig. Dette både grunna fleirårig tidshorisont frem til potensiell gjennomføring, og at det allereie har gått så mange år utan at ein har opplevd vesentleg utvikling i prosjektet. Denne opplevde avstanden må minimerast slik at flest mulig kan føle at prosjektet vedkjem nettopp dei, og faktisk kjem til å bli realisert i overskodelig framtid.

Sjølv om undersøkingar har synt at kjennskapen til prosjektet er relativt høg lokalt, eksisterer det både riktige og uriktige oppfatningar om kva det inneber. Dette gjeld særleg klargjering med omsyn til kva prosjektets finansiering vil kunne "gå ut over" og ikkje, og eit viktig eksempel er rassikring av mellom anna Opdølsstranda. Realiteten er at det i Nasjonal Transportplan går tydelege grenser mellom kva pengar som vert disponert til rassikring og kva som går til å for eksempel forkorte vegstrekningar for å utbyggje infrastrukturen i fylket. Med andre ord skjer finansieringa av Trollheimstunnelen uavhengig av trafikktryggingsprosjekt i sitt geografiske nærområde.

  • For å betre forankringa av Trollheimstunnelen, skal det framover jobbast med å:
    • Engasjere næringsliv, politikarar og lokalbefolkning.
    • Skape debatt, setje prosjektet tydelig på dagsordenen.
    • Auke kjennskap og kunnskap om prosjektet lokalt og regionalt.
    • Betre sjansane for å nå målgruppene på deira eigne premissar.
    • Forankre Børsetalternativet som et riktig og godt val.
    • Kartlegge og forankre moglege finansieringskjelder i tillegg til bompengar og løyvingar over statsbudsjettet.

Konkurrerande prosjekt

Trollheimstunnelen har per i dag fleire sterke konkurrentar, og den som flaggar høgast er Møreaksen. Ferjefritt samband mellom dei tre byane i Møre og Romsdal har lenge vorte sett på som flaggskipet innan vegpolitikken i fylket. Trollheimstunnelen har truleg vorte oppfatta som litt for perifert til å oppnå tilsvarande merksemd. Fordelen til Todalfjordprosjektet er at det er det neste prosjektet som står for tur, så sant Fylkestingets prioritetsliste over viktige vegprosjekt for bo- og arbeidsregionen vert ståande uendra. Ei mogleg tidsmessig hindring for Trollheimstunnelen er Nordøyvegen. Dette er i følgje Nasjonal Transportplan det neste vegprosjektet som skal realiserast og har fått avsett økonomiske midlar. Kostnadane er berekna til 1380 millionar kroner, men det er stor utryggleik med omsyn til inntektssida i dette budsjettet. Ei auka økonomisk belastning for det offentlege vil i så fall utsetje tunnelutbygginga for Todalsfjordsprosjektet sin del – ettersom ein då må vente lenger på det statlige tilskotet.

Ei eventuell framskunding av Trollheimstunnelen kan skje dersom ein får lovnad på statlige midlar. Då kan Stortinget tillate ei forskotering av den offentlige avsetnaden ved hjelp av ei langsiktig lånefinansiering. Ei anna løysing er å nytte eigenkapitalen på omlag 50 millionar som startkapitel til tunnelutbygginga.

Kritiske suksessfaktorar

Dei kritiske suksessfaktorane kan seiast å oppsummere prosjektet sine utfordringar, og er dei avgjerande faktorane for at Trollheimstunnelen skal nå sine mål:

  • Forankring lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Økonomisk kapital gjennom offentleg og privat finansiering
  • Engasjement i næringslivet
  • Positiv omtale i media, eliminering av negativt fokus basert på feilaktige oppfatningar
  • Konkurrerande samferdselsprosjekt