Årsaka til at det i fleire år har vore arbeidd med å få gjennomført Trollheimstunnelen, er sjølvsagt prosjektet sine mange fordelar.
Kortare og enklare reiseveg
Først og fremst vil ein tunnel innebere døgnope og ferjefritt samband mellom Sunndal og Surnadal, samt dei utvida fordelane ved betre korrespondanse mellom for eksempel Trondheim og Molde. For innbyggjarar og næringsliv betyr ei slik betring av infrastrukturen at ein mellom anna vil få ein større bustads-, arbeidsmarknads- og serviceregion. Både dei følte og dei reelle barrierane vil verte mindre når det gjeld å reise mellom kommunane.
For mange representerer altså ferja stor avstand mellom Surnadal og Sunndal, ikkje minst på det psykiske plan. Marknadsundersøking har synt at det for nokon følast heilt utenkjeleg å reise på handel eller sosiale arrangement i nabokommunen. Dette gjeld i innbyggjarar i begge kommunane, og dei uttrykkjer at det er slik både fordi avstanden opplevast som vesentleg, og fordi ein veit at det ikkje er mogleg å reise heim så seint ein kanskje skulle ønskje. Dei fleste ønskjer også å sjølv bestemme over eiga tid, og sleppe å berekne alt etter ferjeruta.
For alle som pendlar mellom kommunane, vil ein tunnel kunne innebere ein ny kvardag. Dette er dei som verkelig har fått oppleve alle sider ved ferjedrifta, spesielt i høgtider då ferja så og seie har vore stilleståande og skapt store problem for alle som arbeider skiftarbeid, for eksempel på Hydro Aluminium.
Gevinstar innan næringslivet
Næringslivet vil kunne oppnå gode økonomiske gevinstar ved ei tunnelutbygging. Når det gjeld langtransport, er det berekna at bedriftene vil spare om lag 500 kr tur retur Sunndal - Surnadal ved tunnel. Fleire av verksemdene i regionen har opptil fleire turar over fjorden kvar dag, og for desse vil ein tunnel dermed utgjere ein vesentleg gevinst. Ein annan ting som bør nemnast, er korleis eit døgnope samband vil opne for eit billigare alternativ for dei som kjører langtransport og som i dag må overnatte eller leggje ruta si om Oppdal for å komme fram når ferja har stansa for kvelden.
Lokalt næringsliv er i vekst, og det er følgjeleg behov for god infrastruktur og kompetente medarbeidarar. Eit ferjefritt samband mellom Sunndal og Surnadal vil i tillegg til positive transportøkonomiske effektar blant anna kunne innebere større tilgang på arbeidskraft, auka omfang av nyetableringar og reduksjon av handelslekkasjen. Med andre ord; utvida utviklingspotensiale og eit større kundegrunnlag for eksisterande og ny næringsverksemd.
Betra trafikktryggleik
Tidspress fører ofte til råkjøring. Det er ei kjent sak at det dessverre stadig er folk som køyrer for fort for å rekke ferja, både på Sunndals-sida og Surnadals-sida. Resultatet er farlege situasjonar for både trafikantane sjølve, og for dei som bur og ferdast langs vegen. Tunnel og ferjefritt samband vil kunne skape tryggjare trafikk for alle som i dag er råka av ferjetrafikken.
Ein meir attraktiv bustads- og arbeidsmarknadsregion
Marknadsundersøking har vist at svært mange ser at Trollheimstunnelen kan innebere vesentlege fordelar og moglege synergieffektar for Sunndal/Surnadal/Nordmøre som bustads- og arbeidsmarknadsregion. Eksempel kan vere eit meir rikhaldig kulturtilbod, foreining av industri og bygdekultur, og tettare samarbeid på utdanningsfronten.
Studentar som ønskjer å flytte tilbake til heimstaden sitt er ein svært viktig framtidig ressurs. Dei har ofte høgare utdanning, og vil gjerne vere stabile og stadbundne arbeidstakarar. For å gjere Sunndal og Surnadal med omegn til best moglege stader å vende heim til, er det ei rekkje faktorar som bør vere til stades. Mange av desse faktorane er slike som kan verte betra ved gjennomføring av Trollheimstunnelen, mellom anna arbeids- og bustadmarknad, og kultur- og idrettstilbod.